Terje Lie og Arnt Ola Fidjestøl, BK Grand vann Vartdalturneringa med bra margin. Susann Farstad og Haldor Sunde BK Grand/Stryn BK tok ein suveren 2. plass. Medan Geir Atle Seth og Terje Hildremyr Brattvåg&Søvik BK tok 3. plassen. Fullstending resultatservice her.
Bjarne Taknes og Gunnar Ødegaard Møstknektene BK/Vestnes BK vann i jubileumsturneringa i Kristiansund. Det gjorde dei foran Hans Kofoed - Per Ivar Ersnes, Møstknektene BK og Magne Røsand - Frank Olsen, Kristiansund BK. Fullstendig resultatliste ligg her.
Deltakinga kunne vore betre, men dei som spelte hadde det artig. Årets Moldecup vart vunnen av Arnt Rune Rausand og Per T. Stokke, Molde BK, foran Susann Farstad og Ingeborg Grimsmo, BK Grand/Skåla og Terje Lie og Arnt Vågsæther, BK Grand. Resultatliste ligg her.
Deltaking på årets julebridge var rekordlåg i år. Einaste turnering med nokolunde deltaking var Moldeturneringa. Resultater er samla under etter beste evne. 27. desember - Ålesund. Jon Terje Storsten og Svein Jarle Bjerkevoll vann - Resultatliste - stensilar 28. desember - Molde - Odd Roar Smisetfoss og Roy Kristiansen vann. Resultatliste. 29. desember - Brattvåg - Resultatliste 30 desember - Møstavågen Geir Morten Skar og Reidar Mikkelsen vann - Resultatliste
Det vart dei rutinerte damene Ingjerd Kavli og Reidun Rødseth, BK Grand som vann KM veteran. Dei vann føre Arne Kaaresen - Rolv Sunde, BK Grand og Kalle Rogne og Jorunn Doran, Brattvåg og Søvik. Resultat liste ligg her.
Det må ha vore noko av det tettast seriemesterskapet på lang lang tid og avslutningssiffra sto ikkje attende for det. Før siste runde kunne 8 lag i teorien vinne og alle laga kunne i teorien rykke ned. Lag Haram vann til slutt med eitt VP men høyr her: Hadde lag Haram fått eit imp meir i mot seg eller lag Mælen fått eitt imp meir i sin kamp og då hadde det blitt innbyrdes oppgjer. DEN KAMPEN VANN LAG MÆLEN MED 1 IMP!! Så eitt imp i motsatt retning i to kampar hadde gjort at eitt imp i innbyrdes hadde snudd dei t trønderane sin favør. Vinnarane frå venstre Torstein Hesseberg, Petter Haram, Tommy Skodje og Arnt Ola Fidjestøl. Arnt Vaagsæter er også med på laget. Resultatliste m butler her.
På tide å mobilisere igjen. Nå startar kurs i Molde og Ålesund. Kurset i Ålesund startar 25. februar og kurset i Molde startar 26. februar. Meir opplysningar om kurset i Molde her. Meir opplysningar om kurset i Ålesund her.
Eirik Natvik vart singelmeister i påska. Einaste som var i nærleiken av å slå han var wonderwoman Anne Berit Moldestad. På tredje palltrinn var Rune Skodje. Resultatservice her.
2. divisjon. Trass god sistekamp klarte laget diverre berre 9. plass. Ein plass høgare og dei hadde klart seg. Resultatservice her. Av sunnmøringar på laget finn vi Kenneth Skov og Oddbjørn Vinjevoll. Av reservesunnmøringar finn vi Haldor Sunde. Ellers spelar også Tina Ovenstad og Jørund Årdal på laget. 4. divisjon (Ålesund). Vestnes/BK Grand vann! På det laget spelar Anne Berit Moldestad, Rune Skodje, Bjørn Tore Storsten, Gunvald Fauske og Morten Eggen. BK Grand 1 og Brattvåg&Søvik kom på dei påfølgjande plassan. Resultatlista ligg her. 4. divisjon (Kristiansund) Molde vann (Stokke,Rausand,Lange, I Grimsmo) vann 4. div. Dei vann med 161vp, Møstknektene (Stene, Reitan,Dyrnes,Flatøy,Kofoed) 156vp på andre, KBK 2 (Biesmans, Biesmans,Folland,FLO,Taknes) 155 vp på tredje. Resultatliste her. 1. divisjon. Møre og Romsdal 1 avanserte ein plass frå forrige helg og hamna til slutt på fjerdeplass - Tapte bronsen på innbyrdes.. På laget spelar Terje Lie og Espen Kvam frå Ålesund. Med seg har dei Roar Voll og Nils Kåre Kvangraven. Resultatservice 1. divisjon her. 3. divisjon (Møre&Romsdal-laga). Lag Haram vann med kaptein Haram, Tommy Skodje, Torstein Hesseberg, Arnt Vaagsæter og Arnt Ola Fidjestøl. Lag Ødegaard med Hallvar Helset, Jon Terje Storsten, Gunnar Ødegaard, Svein Jarle Bjerkevoll Torbjørn Amdam på 3dje plass. Resultatliste M BUTLER her.
« Forrige Neste » 1... 470 471 472 473 474 475 476 477 478 479 480 481 482 483 ...11941